13.00 - 14.00: SeniorGaming
Ulstein Arena
🕹️ SeniorGaming – Spel og samspel på tvers av generasjonar! Er du nysgjerrig på gaming? Vil du spele saman med ungdom og lære meir om digitale spel? SeniorGaming er eit nytt tilbod for deg som er senior og har lyst til å utforske spelverda saman med ungdommar frå nærområdet. Her får du moglegheit til å spele, le, lære og knyte kontakt på ein ny og spennande måte.